Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Ernst Gunnerus

Johan Ernst Gunnerus, 1718–83, var biskop i Trondheim og naturvitskapsmann med botaniske, geologiske og zoologiske interesser. Han skildra talrike dyr, fiskar og planter frå det nordlege Noreg. Hovudverket hans, Flora Norvegica, var den første floraen i landet. Gunnerus var med og stifta Det kgl. no. Videnskabers Selskab. I 1768 foreslo han at eit norsk universitet skulle opprettast.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012