Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Lyder Brun

Johan Lyder Brun, 1870–1950, var professor i nytestamentleg teologi i Oslo frå 1897. Han var ein banebrytar for den historisk-kritiske bibelforskinga i Noreg og ein leiande representant for ein moderat liberal teologi. Han gav mellom anna ut Jesu evangelium i 1917 og Die Auferstehung Christi i 1925.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012