Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Ording

Johannes Ording, 1869–1929, var teolog og representant for den liberale teologien. Han vart professor ved Universitetet i Oslo i perioden 1906–26. Utnemninga av han førte til ein skarp kyrkjestrid som gjorde at Menighetsfakultetet vart oppretta. Ording gav ut Den kristelige tro i 1915 og Kristelig etik i 1927.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012