Hopp til innhold
 Johannes Paul 2, foto: Phillipus2011
Johannes Paul 2, foto: Phillipus2011
X
Innhald

Johannes Paul

Johannes Paul er namnet på to pavar:
 
Johannes Paul 1. som eigentleg heitte Albino Luciani (1912–78). Han var pave frå 26. august til 28. september 1978, ei av dei kortaste regjeringstidene i historia til den katolske kyrkja.
 
Johannes Paul 2. heitte eigentleg Karol Wojtyla (1920–2005) og vart erkebiskop av Kraków i 1963 og kardinal i 1967. Han vart valt til pave i 1978 som den første ikkje-italienaren på pavestolen på 455 år. Han vart alvorleg såra i eit attentat på Petersplassen i Roma i 1981, men var i full verksemd att etter nokre månader med rekonvalesens. Johannes Paul 2. reiste mykje og var i dei nordiske landa i 1989. Den utovervende stilen hans gjorde han populær. Han vart rekna for å vere konservativ i visse teologiske spørsmål, mellom anna viste han markert motstand mot prevensjonsmiddel, abort og kvinnelege prestar, men han var ein pådrivar i dialogen mellom religionane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2012
Sist oppdatert: 20.12.2012