Hopp til innhold
X
Innhald

John Willem Nicolaysen Gran

John Willem Nicolaysen Gran, 1920–2008, var ein romersk-katolsk geistleg som konverterte i 1941, og gjekk inn i cisterciensarordenen i 1949. I 1964 vart han biskop i Oslo.
Som biskop arbeidde Gran for å gjennomføre intensjonane i 2. Vatikankonsil og opna mellom anna for diskusjon om sølibat for prestar, skilsmål, gjengifte og kvinnelege diakonar. Han gjekk av som biskop i 1983.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012