Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Ludvig Reichelt

Karl Ludvig Reichelt, 1877–1952, var misjonær i Kina. Først var han i teneste for Det Norske Misjonsselskap, men då selskapet ikkje godtok den opne haldninga hans til buddhismen, stifta Reichelt Den Nordiske Kristne Buddhistmisjon i 1922. Han skreiv ei rekkje lærebøker på kinesisk og store verk om austasiatiske religionar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012