Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Eik-Nes

Knut Eik-Nes, teolog og ungdomslagsmann.
Eik-Nes blei fødd i Sauda 21. juli 1885 og døydde 18. januar 1968. Han var cand.theol. i 1915, arbeidde dei første åra som ungdomsprest i Nidaros bispedøme, var sokneprest i Sparbu 1921–55, religionslærar på Steinkjer landsgymnas frå 1932, og prost i Nord-Innherad frå 1933.
 
Han var formann i den nasjonale nemnda for olsokfeiringa i 1930. Eik-Nes var formann i Noregs Ungdomslag 1936–47 unnateke åra 1942–45, då Nasjonal Samling styrte organisasjonen. Han fekk Islands Falkeorden i 1947 og blei riddar av St. Olavs orden i 1948. 
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 09.02.2010