Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Vilhelm Koren Schjelderup

Kristian Vilhelm Koren Schjelderup, 1894–1980, var bror av Harald Schjelderup, biskop og dr.theol. Schjelderup markerte seg i 1920-åra som representant for ein sterkt liberal teologi. Han redigerte tidsskriftet Fritt Ord i perioden 1931–40.
 
Schjelderup grunnla Nansenskolen i 1938 saman med Anders Wyller, og han leidde skulen fram til 1941. Etter kvart modererte han seg teologisk og var biskop i Hamar i åra 1947–64. I 1953 tok han avstand frå helveteslæra til Hallesby.
 
Schjelderup gav mellom anna ut Religionens sandhed i lys av den relativitetsteoretiske virkelighetsopfatning som doktoravhandling i 1921, Hvem Jesus var og hvad kirken har gjort ham til i 1924, Den grunn hvorpå jeg bygger i 1957 og Veien jeg måtte gå i 1962.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012