Hopp til innhold
X
Innhald

Magne Torbjørn Hjorthaug

Magne Torbjørn Hjorthaug var prest og prost fleire stader i Møre og Romsdal gjennom tre tiår.

Magne Torbjørn Hjorthaug var fødd i Herøy på Sunnmøre 15. februar 1945 og døydde i Molde 23. januar 2001. Han vart cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1970, med praktisk-teologisk seminar same staden i 1971.
Etter eit år som landsungdomssekretær i Den norske Santalmisjon var Magne Hjorthaug kapellan i Volda frå 1973, sokneprest i Tingvoll og prost for Indre Nordmøre prosti frå 1978, sokneprest i Volda og prost for Søre Sunnmøre prosti frå 1989. Frå nyttår 2000 til han brått vart sjuk og døydde vinteren 2001, var Hjorthaug domprost i Molde.
Kyrkjelydane sette stor pris på Hjorthaug som sjelesørgjar, talar og liturg. Tilliten både mellom kollegaer og andre synte seg i dei mange verva han fekk: formann i Møre stiftsstyre av Presteforeininga, formann i Møre og Romsdal krins av Den Norske Israelsmisjon, medlem av Møre bispedømeråd og Kyrkjerådet.

Først publisert: 15.10.2010
Sist oppdatert: 22.03.2017