Hopp til innhold
X
Innhald

Nestorios

Nestorios, ca. 380–ca. 450, var ein syrisk munk som var patriark i Konstantinopel i åra 428–31. For å framheve det menneskelege i Kristus skilde Nestorios så sterkt mellom den guddomlege og den kristlege naturen i Kristus at eininga i Kristus som person, syntest å gå tapt, såkalla nestorianisme.
Nestorios vart dømd som kjettar og avsett på konsilet i Efesos i 431. Seinare vart han landsforvist frå Antiokia til Egypt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012