Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolaus av Myra eller St. Nikolaus

Nikolaus av Myra eller St. Nikolaus, døydde ca. 350. Han var ein helgen og legenda seier at han var biskop av Myra i Lykia som er det same som Vesleasia. Nikolaus var vidgjeten for humanitært arbeid, særleg retta mot barn. Helgendagen for han er 6. desember. I protestantiske land vart feiringa av Nikolaus lagd til jula. I England og USA er han kjend som Santa Claus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012