Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Kristian Hallesby

Ole Kristian Hallesby, 1879–1961, var teolog og professor ved Menighetsfakultetet i perioden 1909–51. Han var formann i Indremisjonsselskapet i perioden 1923–56, stifta Norges kristelige Student- og Gymnasiastlag i 1924 og danna Kristent Samråd saman med Eivind Berggrav og Ludvig Hope i oktober 1940.
 
Hallesby var formann i Den midlertidige kirkeledelse frå april 1942 og sat på Grini frå mai 1943 til krigen var slutt.
 
 Som representant for ein pietistisk vekkingskristendom la Hallesby vekt på den kristne erfaringa og omvendinga. Han organiserte kampen mot den liberale teologien og vart i 1953 kritisert av K. Schjelderup for å skremme med helvete i forkynninga. Hallesby gav mellom anna ut Den kristelige troeslære i to band i 1920–21, Fra bønnens verden i 1927 og Den kristelige sedelære i 1928.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012