Faktaboks

Oluf Kolsrud
Nils Oluf Kolsrud
Fødd
7. juli 1885, Østre Toten
Død
17. juni 1945, Oslo
Verke
Kyrkjehistorikar
Familie

Foreldre: Bonde og lærar Knut Nilssen Kolsrud (1861–1937) og Berte Maria Olsdatter Bakke (1855–1940).

Gift 18.2.1911 med Borghild Nettum (24.8.1883–2.12.1956), dotter av ekspeditør Nils Olsen Nettum (1850–1931) og Karine Jensdatter Nylendet (1849–1943).

Bror av Sigurd Kolsrud (1888–1957); farbror til Knut Kolsrud (1916–1989).

Oluf Kolsrud var ein norsk kyrkjehistorikar. Han var ein sentral norsk kyrkjehistorikar i første delen av 1900-talet og den første teologiske professoren ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo, som nytta nynorsk både i tale og skrift.

Bakgrunn

Oluf Kolsrud

Oluf Kolsrud. Foto frå 1930-talet.

Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Oluf Kolsrud var fødd på Østre Toten i Vestoppland. Han tok examen artium i Hamar i 1903, byrja først å studere filologi, men gjekk over til teologien og tok teologisk embetseksamen i 1908. Året etter vart han adjunktstipendiat ved Det teologiske fakultetet og frå 1916 tilsett i eit nytilskipa dosentur i kyrkjehistorie. Frå 1921 og fram til han døydde, var han professor i norsk kyrkjehistorie.

Han var ein mykje dugande forskar, kjend for sine grundige kjeldestudiar og med stor sans for historiske detaljar. Han gjorde arkivarbeid mange stader i Europa og var ein flittig gjest i Vatikanets arkiv i Roma. Han medverka til å gi ut ei rekkje historiske kjeldeskrifter, til dømes Noregs gamle Love og Diplomatarium Norvegicum. I 1912, på det norske historikarmøtet i Kristiania, gjorde han seg til talsmann for at det måtte skipast eit sentralinstitutt for norsk historie. Ti år seinare vart dette ein realitet gjennom Norsk Historisk Kjeldeskriftråd, som i 1934 vart samla i Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt (seinare Kjeldeskriftavdelinga i Riksarkivet, i dag seksjon for tilgjengeliggjøring i Arkivverket).

Kolsrud grunnla og gav ut skriftserien Norvegia sacra. Årbok til kunnskap om den norske kirke i fortid og samtid (frå 1921) og Bibliotheca Norvegia sacra (frå 1922), som publiserte viktige kyrkjehistoriske avhandlingar.

Han gav ut Olavskyrkja i Trondheim (1914), Bergen bys segl, vaapen og flag (1921) og det omfangsrike minneskriftet Nidaros og Stiklestad, Olavs-jubileet 1930 (1937). Som hovudverket hans må reknast det posthumt utgitte Noregs Kyrkjesoga I. Millomalderen (1958). Presteutdaningi i Noreg kom òg posthumt, i 1962.

Kyrkjehistorikaren

Oluf Kolsrud
Oluf Kolsrud rundt 1930–1935.
Av /Oslo Museum.

Historiske linjer

Kolsrud la vekt på einskapen og kontinuiteten i kristendomen si historie i Noreg. Han avviste den nokså vanlege oppfatninga at den katolske kyrkja i Noreg var i forfall før reformasjonen. Derimot meinte han at dei første tiåra etter innføringa i reformasjonen åndeleg sett var ei nedgangstid.

Sansen for det grundige arbeidet med kjeldene og detaljrikdomen kunne gå på kostnad av syntesen og dei lange historiske linjene. Det vert fortalt at Kolsrud i ei førelesingsrekkje over eit semester skulle gi «eit stutt utsyn» over norsk kyrkjehistorie, men då semesteret var slutt, hadde han berre kome til yngre jernalder!

Konservativ og høgkyrkjeleg

Kyrkjeleg sett må Kolsrud kunne karakteriserast som konservativ og høgkyrkjeleg, med ei tydeleg nasjonal orientering. Han var med då den høgkyrkjelege foreininga Pro Ecclesia (For kyrkja) vart skipa i 1925. Eit av føremåla var å føre inn att den apostoliske suksesjonen, det vil seie tanken om at det er ei samanhengande rekkje av biskopar heilt attende til Kristus og apostlane, i Den norske kyrkja. Denne rekkja hadde vorte broten med reformasjonen.

Verv og engasjement

Kolsrud hadde allsidige historiske interesser. Til dømes var han med i direksjonen for Foreningen til Norske Fortidsmindesmerkers Bevaring, i Noregs Lærarlags Skulehistorienemnd og i Kulturminnerådet.

I samband med at fengselet til Hans Nielsen Hauge i det gamle rådhuset i Kristiania skulle rivast, tok Kolsrud initiativ til å få verna huset. Tilskot frå styresmaktene og gåver gjorde det mogleg å flytte fengselet til Norsk FolkemuseumBygdøy, der det no er.

Kyrkjehistorisk og liturgisk konsulent

Gjennom åra var han konsulent for styresmaktene i ei rekkje saker. Mellom anna var han frå 1912 kyrkjehistorisk og liturgisk konsulent i samband med restaureringa av Nidaros domkyrkje og historisk sakkunnig i Grønlandssaka, som vart ført for Den internasjonale domstolen i Haag (1931–1933). I den sistnemnde saka argumenterte han for at Grønland høyrde til Noreg.

Språkinteresse

Alt i gymnasåra lærte han seg italiensk og russisk på eiga hand. Den sterke språkinteressa gjorde at han byrja å studere filologi ved Universitetet i Kristiania, men han gjekk snart over til teologien. I tillegg til dei klassiske språka for teologar, nemleg hebraisk, gresk og latin, kunne han etter kvart arabisk, kyrkjeslavisk, gotisk, polsk, samisk og finsk – og gamalnorsk. Han vikarierte som førelesar i samisk og finsk ved universitetet i fleire semester.

Motivet for å ta fatt på teologistudiet var at han ønskte å verte prest i Finnmark – og derfor lærte han seg samisk. Men då han hadde fullført embetseksamen, stod det klart for han at han ville slå inn på ein vitskapleg karriereveg.

Utmerkingar

I 1914 vart Kolsrud vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi. I 1922 vart han æresdoktor ved Universitetet i Padova i Italia. Han var kommandør av den pavelege St. Silvester-ordenen og riddar av den svenske Nordstjärneordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Oluf Kolsrud in memoriam, 1946 («Oluf Kolsrud som kirkehistoriker», av E. Molland: 1-15), Norsk Teologisk Tidsskrift 1946. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Ingun Montgomery og Dag Thorkildsen: «Historie og samtidsforståelse. Lærere i kirkehistorie ved Det teologiske fakultet i det 20. århundre», Norsk Teologisk Tidsskrift 2000
  • W.P. Sommerfeldt: Professor Oluf Kolsruds forfatterskap, 1948. Les hos Nasjonalbiblioteket

Faktaboks

Oluf Kolsrud
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037052001142

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg