Hopp til innhold
X
Innhald

Origenes

Origenes, ca. 185–251 eller 254, var ein av teologane i oldkyrkja som hadde mest å seie, var mest produktiv og hadde størst påverknad. Han smelta saman nyplatonisme og kristendom, utvikla ein allegorisk metode for tolking av Bibelen og framstilte frelsa som ei danning der målet er at alle ting vert oppretta på nytt, såkalla apokatastasis. Origenes vart dømd som kjettar på konsilet i Konstantinopel i 553.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012