Hopp til innhold
Øystein Hovden. Ukjend fotograf og år. Eigar: Domkirkeodden, kjelde: Domkirkeodden på digitaltmuseum.no. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri (CC PDM).
Øystein Hovden. Ukjend fotograf og år. Eigar: Domkirkeodden, kjelde: Domkirkeodden på digitaltmuseum.no. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri (CC PDM).
X
Innhald

Øystein Hovden

Øystein Orre Hovden, norsk prest, høyrde til den liberale retninga innanfor Den norske kyrkja og stilte Vang kyrkje til disposisjon for ordinasjonen av den første kvinnelege presten i Noreg, i 1961. Han skreiv ei rekkje songar og salmar.

Øystein Hovden var fødd i Sande i Vestfold 14. januar 1901 og døydde i Vang i Hedmark 22. august 1980. Han var son av den kjende presten og salmediktaren Anders Hovden. Hovden blei student i 1919 og tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1923. Etter praktisk-teologisk eksamen blei han presteordinert i 1924 og byrja som ungdomsprest i Nidaros bispedøme same året. Deretter var han sokneprest i Gulen frå 1926, blei samstundes prost i Ytre Sogn 28 år gamal, frå 1929, og dermed den yngste prosten i landet. Hovden var sokneprest i Verdal (Stiklestad) frå 1937 og i Vang i Hedmark frå 1948 til han gjekk av med pensjon i 1971. Han var konstituert domprost i Hamar i 1949–50.

Hovden gav ut fleire bøker og song- og salmesamlingar. I 1960 gav han ut ein biografi om faren, Anders Hovden. Eit nærportrett. Fleire år seinare kom Anders Hovden i kvardagslaget (1972). Den første salmesamlinga, På lindekvist. Salmar, gav han ut i 1962. Deretter kom samlingane Bak havdis grå. Salmar (1965), Sol over fjella. Song og salme (1966) og På heilage stader (1968). Den sjølvbiografiske boka I alvor og spøk kom ut i 1973. Hovden var representert i Norsk salmebok (1985) med salmane «Vi er døypte til å vera Kristi krossmenn her på jord» og «Ver lova, Gud, som sælt oss gav i hjarto kjærleiks kraft og krav». Eit særkjenne ved salmetekstane hans var ei enkel og folkeleg form. Dei gav uttrykk for ein sentral kristeleg bodskap, utan å bryte med tradisjonen.

Hovden ønskte ei romslegare kyrkje. Han vigde fråskilde og støtta biskop Schjelderup mot professor Ole Hallesby i den såkalla helvetesstriden i 1950-åra. Då domprosten i Hamar ikkje ville stille kyrkja til disposisjon for ordinasjonen av den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja i mars 1961, opna sokneprest Hovden Vang kyrkje, slik at Ingrid Bjerkås kunne bli ordinert der.

Kjelder

O. Delphin Amundsen: Studentene fra 1919. Oslo 1969

Øystein Hovden: I alvor og spøk. Trondheim 1973

Kjersti Østland Tveit: «Mannen med nøkkelmakten», i Nytt norsk kirkeblad nr. 3/2011, s. 14–20

Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Bergen 1974

 

Først publisert: 08.03.2018
Sist oppdatert: 08.03.2018