Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Tillich

Paul Tillich, 1886–1965, var ein tysk-amerikansk teolog som hadde stillingar ved fleire universitet i Tyskland og i USA (etter 1933). Han var ein kristen sosialist og representant for den såkalla "teologiske eksistensialismen". Tillich la særleg vekt på at den kristne trua berre får meining om ho vert knytt til dei eksistensielle spørsmåla i tida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012