Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Sefland

Peder Mathias Reinhart Sefland, prest og teolog. Han gjorde presteteneste mellom anna på Svalbard og på Værøy i Lofoten.

Peder Sefland var fødd 9. juni 1907 i Eid i Nordfjord og døydde 10. mai 1966 i Hedrum (no Larvik). Han tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske Menighetsfakultet i Oslo i 1931 og praktisk-teologisk eksamen same staden året etter. I åra 1932–35 var han lærar og prest i Longyearbyen på Svalbard. I 1936–46 var han sokneprest på Værøy i Lofoten, før han vart utnemnd til sokneprest i Evje i Setesdalen i 1946. I 1962–66 var Sefland sokneprest i Hedrum.
På Svalbard var Sefland med på å gjere ein kyrkjeleg pionerinnsats. Svalbard kyrkje hadde framleis ein uklar offisiell status, sjølv etter at Noreg ifølgje Svalbard-traktaten hadde fått ansvaret for øygruppa. I Seflands tid gjorde biskop Eivind Berggrav den første uoffisielle visitasen på Svalbard i 1935.
Tenesta på Værøy og Røst var strabasiøs, med mange sjøreiser. Særleg var utfordringane store under andre verdskrigen, med minelagde farvatn.
Då han kom til Evje som sokneprest i 1946, la Sefland om til nynorsk, som var den offisielle målforma i bygda. Med bakgrunn i Nordfjord hadde han eit talemål som låg nynorsken nær. Seflands presteteneste var prega av eit folkeleg engasjement, og difor var han òg godt likt som prest.
Kjelder
Telefonsamtale med Peder Kleggetveit 22.6.2012
Eivind Berggrav: Spenningens land. Visitasglimt fra Nord-Norge. Oslo 1937
Odd Bjerke (red.): Hedrum kirke 950 år. Larvik 2010
Reidar Bolling: Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
Gunnar L. Nissen (red.): Studentene fra 1926. Oslo 1951
Nettstaden til Svalbard kyrkje: http://www.svalbardkirke.no/v2/historie/ [lesedato 22.6.2012]

Først publisert: 07.05.2013
Sist oppdatert: 07.05.2013