Hopp til innhold
X
Innhald

Per Lønning

Per Lønning​ var fødd 24. februar 1928 og døydde 22. august 2016. Lønning var teolog og politikar.

Per Lønning var fødd 1928 og døydde 22. august 2016. Lønning var teolog og bror av Inge Lønning. Per Lønning vart dr.theol. i 1955 og dr.philos. i 1959. Han var lektor ved Oslo lærerskole frå 1954, stortingsrepresentant for Oslo i 1958–65 (Høgre), domprost i Bergen i 1964–69 og biskop i Borg frå 1969 til han gjekk av i protest mot abortlova i 1975.

Vidare vart han dosent i teologi ved Universitetet i Oslo (1977–81) og professor ved Instituttet for økumeniske studiar ved Det lutherske verdsforbundet i Strasbourg (1981–87). Lønning verka også som biskop i Bjørgvin frå 1987 til 1994 og var ein markant og tydeleg samfunnsdebattant.

Han gav ut ei rekkje bøker, mellom anna ut Samtidighetens situasjon (1954, doktoravhandling), Hva er kristendom? (1955), Tro og tanke etter Blaise Pascal (1958, doktoravhandling) og sjølvbiografien Til Borg fra Bergen (1971).

Foto: Stortingsarkivet/Scanpix. Brukt med løyve for Allkunne.
Foto: Stortingsarkivet/Scanpix. Brukt med løyve for Allkunne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 22.08.2016