Hopp til innhold
X
Innhald

Peter Olivarius Bugge

Peter Olivarius Bugge, 1764–1849, var teolog og biskop i Trondheim frå 1804. Han var påverka av rasjonalisme og herrnhutisme. Bugge starta det første misjonsbladet i Noreg i 1821. Han forsvarte dei haugianske lekpredikantane og var seinare den einaste av biskopane som støtta opphevinga av konventikkelplakaten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012