Hopp til innhold
Ragnvald Hammer
Ragnvald Hammer
Foto. Norsk Døvetidsskrift. Gjengitt etter avtale.
X
Innhald

Ragnvald Hammer

Ragnvald Hammer, prest, arbeidde det meste av sitt yrkesaktive liv som døveprest. Han er kjend for å ha skrive diktet «Dar kjem dampen».

Ragnvald Hammer var fødd 12. juli i 1913 i Lardal i Vestfold og døydde i Bergen 30. mars 1987. Han blei cand.theol. i 1942 og var frå 1943 til 1947 sekretær for Tromsø krets av Finnemisjonen. Frå 1947 var han hjelpeprest for døve i Oslo, og frå 1952 døvekapellan same staden. Frå 1956 til han gjekk av med pensjon i 1980, var han døveprest for Vestenfjeldske distrikt, frå Rogaland til Møre og Romsdal, med bustad i Bergen.

Hammer gjorde ein stor innsats for dei døve gjennom den lange tenesta si som døveprest. Han var i mange høve like mykje sosialarbeidar som prest. Både i Oslo og Bergen starta han misjonsforeining for døve. I 1956 skipa han eit sommarstemne for døvblinde, som sidan har vore arrangert kvart år. Med stemnet som grunnlag oppretta dei døvblinde sin eigen interesseorganisasjon, Foreningen Norges døvblinde, i 1957. Han var oppteken av at døve skulle leve mindre isolert og laga mellom anna eit hefte i teiknspråk for høyrande som ønskte betre kontakt med døve. I 1963 utarbeidde han den første ordboka for døve i Noreg.

Hammer skreiv dikt og salmar som blei publiserte i lokalpressa. Mest kjent er diktet «Dar kjem dampen» (1953), ein hyllest til rutebåten Oster, som gjekk i rute mellom Osterfjorden og Bergen. Diktet er skrive på strilemål og blei tonesett av visesongaren Ivar Medaas i 1963.

Hammer var æresmedlem i Bergen Døveforening og i Foreningen Norges døvblinde. Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1981.

Kjelder

E‑post frå sonen Harald Kaasa Hammer 6.1.2016

Reidar Bolling (red.): Norges prester og teologiske kandidater. Oslo 1958

Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Oslo 1974

«Døveprest Ragnvald Hammer er død», NTB 1.4.1987

Torbjørn Johan Sander: Med landets døve gjennom hundre år. Bergen døveforening 1880–1980, bd. 2: Annen del 1931–1980. Bergen 1980

Torbjørn Johan Sander: Døves kirke hundre år. 1894–1994. Oslo 1994

Foreningen Norges døvblinde: http://fndb.no [lesedato 6.1.2016]

Først publisert: 03.11.2016
Sist oppdatert: 30.03.2017