Hopp til innhold
X
Innhald

Rudolf Karl Bultmann

Rudolf Karl Bultmann, 1884–1976, var tysk, protestantisk teolog og ein framståande representant for den dialektiske teologien. Programmet hans for avmytologisering av Det nye testamentet har prega den hermeneutiske diskusjonen etter 1945.
Bultmann gav mellom anna ut Die Geschichte der synoptischen Tradition i 1921, Jesus i 1926 og Theologie des Neuen Testaments i 1953.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012