Hopp til innhold
X
Innhald

Sankt Georg

Sankt Georg som òg vert kalla St. Jørgen eller St. Ørjan, var ein katolsk helgen som etter legenda drap ein drage for å setje ei prinsesse fri. Segna er utbreidd både i Europa og Asia. I mellomalderen vart Sankt Georg særleg sedd på som den som verna riddarane, og frå ca. 1200 vart han rekna som Englands vernehelgen.
 
I speidarrørsla er Sankt Georg symbolet på riddarleg framferd og godvilje. Sankt Georgsdagen vert feira 23. april.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012