Hopp til innhold
X
Innhald

Sankt Hallvard

Sankt Hallvard (ca. 1020–43) kom frå Lier og er etter det legenda seier, son av syster eller systerdotter til Heilag-Olavs mor. Han vart høgt sett for rettvise og førebiletleg livsførsel. På ei reise tok han ei kvinne og tre menn som vart skulda for tjuveri, i forsvar. Hallvard vart drepen og kasta i vatnet med ein møllestein kring halsen, men liket flaut opp med steinen. Det vart sett på som eit jærteikn og mirakel. Relikviane etter Hallvard vart etter kvart overførte til domkyrkja i Oslo, som seinare fekk namnet Sankt Hallvard-kyrkja. Hallvard vart vernehelgen for Oslo. Helgedagen er 15. mai. Motivet med Hallvards martyrium er teke opp i det moderne byvåpenet til Oslo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2012
Sist oppdatert: 20.12.2012