Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Vilhelm Odland

Sigurd Vilhelm Odland, 1857–1937, var teolog og professor (nytestamentleg teologi) ved Universitetet i Oslo frå 1894 til 1906, då han gjekk i protest mot tilsetjinga av den liberale Johannes Ording som professor i teologi. Odland fekk oppretta Menighetsfakultetet som han forlét i 1916 i protest mot at kvinner ved kongeleg resolusjon fekk lov til å tale i kyrkja.
 
Han var lærar ved skulen til Kinamisjonsforbundet på Fjellhaug i perioden 1916–24, men slutta i protest då kvinnene fekk røysterett i organisasjonen. Odland var formann i Indremisjonsselskapet i åra 1891–1911.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012