Hopp til innhold
X
Innhald

Sigvart Engeset

Sigvart Engeset (1885–1974) er ein av dei tidlege nynorske songforfattarane ved sida av Matias Orheim.

Engeset vaks opp i Ørsta og var forkynnar og pastor i Ørsta Frikyrkje, seinare i Oslo Vestre Frikirke.

Han gav ut samlinga Dropar frå livsens kjelda i 1919. Han skreiv mykje utan å samla alt i bøker. Mange av songane til Engeset star i song- og salmebøker, som "Slik som eg var", "Bli i meg, har Jesus sagt" og "Eg vil så gjerne syngja". Sigvart Engeset er bestefar til Erik Hillestad.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 14.11.2018