Faktaboks

Sivert Aklestad

Sivert Simonsson Aklestad

Fødd
1. april 1889, Sæbø i Ørsta, Møre og Romsdal
Død
25. oktober 1965, Sæbø i Ørsta, Møre og Romsdal

Sivert Aklestad var gardbrukar, emissær, klokkar og lokalhistorikar. Han skreiv mange dikt og songar med kristeleg innhald.

Sivert Aklestad var fødd på Sæbø i Hjørundfjord. I 1895 kjøpte foreldra ein teig av Aklestad i Bondalen, der dei dyrka og bygde heimen «Nygård». Sivert var eldst av åtte sysken, og han fekk tidleg mykje ansvar då mora døydde i 1905 og faren i 1914. Vinteren 1909–1910 gjekk han Sunnmøre Ungdomsskule i Ulsteinvik.

Aklestad vart tidleg med i den lokale kristelege ungdomsforeininga og skreiv i lagsbladet. Frå 1917 reiste han rundt på Vestlandet som forkynnar for «Kinamisjonen» (Norsk Luthersk Misjonssamband) og frå 1929 for Norges Kristelege Ungdomsforbund. I heimbygda hjelpte Aklestad til med søndagsskulen, og frå 1941 til 1959 var han klokkar i Hjørundfjord kyrkje.

I mange år sende Aklestad stoff frå Hjørundfjorden til Sunnmørsposten. På oppmoding frå heradstyret laga han minneskriftet Hjørundfjord kommune 1837–1937 til 100-års-jubileet for formannskapslovene.

Heilt frå ungdomen skreiv Aklestad ein god del både prosa og poesi. Tekstane vart publiserte i kristelege organisasjonsblad, og i 1927 gav han ut samlinga Små kristelege songar og dikt. Nye dikt vart lagde til heilt fram til sjette og siste opplaget, som kom i 1963 med 154 dikt.

Nokre av dikta han skreiv, er på bokmål, men dei aller fleste på nynorsk. Fleire vart tonesette, og «No syng det i mitt hjarta» kom med i Sangboken. Syng for Herren frå 1955.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg