Hopp til innhold
X
Innhald

Timotheus

Timotheus var medarbeidar til apostelen Paulus, Apg 17,15. Etter tradisjonen skal Paulus ha skrive to av breva i Det nye testamentet til han, 1. og 2. brev til Timotheus. Saman med Titus-brevet vert dei kalla pastoralbreva. Nyare forsking syner at dei truleg er psevdonyme skrifter frå byrjinga av 100-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012