Faktaboks

Trygve Bjerkrheim

Trygve Alvgeir Bjerkrheim

Fødd
26. august 1904, Bjerkreim, Rogaland
Død
27. februar 2001, Oslo
Verke
Sang- og salmedikter
Familie

Foreldre: Gårdbruker, poståpner og landhandler Tønnes Tolleifsson Bjerkrheim (1865–1939) og Abigael Røysland (1870–1961).

Gift 7.7.1934 med Thea Karina Maudal (21.5.1901–12.4.1987), datter av gårdbruker Iver Maudal (1853–1944) og Jørgine Sundvor (1870–1950).

Trygve Bjerkrheim var teolog og forfattar. Han skreiv tusenvis av dikt og songar, mellom dei «Det er makt i de foldede hender» og «Han tek ikkje glansen av livet».

Trygve Bjerkrheim var fødd på Bjerkreim i Rogaland. Huslyden flytta til Nordre HølandRomerike i 1913. Ved sida av gardsdrifta var faren postopnar, landhandlar og lokalpolitikar. Trygve Bjerkrheim voks opp i eit aktivt bedehusmiljø, og han var knytt til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) gjennom heile yrkeslivet.

Bjerkrheim vart cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1930. Ved bibelskulen Fjellhaug i Oslo var han lærar på fulltid frå 1931 til 1936 og deretter timelærar til han vart pensjonist i 1971. Frå 1936 til 1971 redigerte han bladet Utsyn, hovudorganet for NLM.

Tekstane av Bjerkrheim er prega av tradisjonell norsk «bedehuskristendom», og dei har vore mest brukte i lågkyrkjelege vekkingsmiljø.

Bibellærar

Som nyutdanna teolog tok Trygve Bjerkrheim til som bibelskulelærar ved Fjellhaug, som ligg på Sinsen i Oslo. Då han etter nokre år tok over redaksjonen av misjonsbladet Utsyn, heldt han samstundes fram som timelærar ved bibelskulen. Eitt år var han i Japan og underviste ved NLMs bibel- og forstandarskule i Kobe (1965–1966). Elles budde han på Fjellhaug heilt frå studietida til pensjonsalderen.

I kommentarserien «Bibelverket» gav Trygve Bjerkrheim i 1976 ut Fortolkning til Peters første og annet brev.

Dikt og songar

Gjennom eit langt liv skal Bjerkrheim ha skrive ikring 15 000 dikt og songar. Med slike mengder måtte kvaliteten variere, og han vart ikkje rekna som nokon stor diktar av det litterære Noreg. Men mange av tekstane fekk melodiar som var med og gjorde dei kjende og kjære ikkje berre i bedehusmiljøa, men i vide krinsar over heile landet. Såleis var «Det er makt i de foldede hender» med Lage Wedin ein gjengangar i ØnskekonsertenNRK gjennom fleire tiår. Dette er også ein av Bjerkrheim-songane som er gjendikta til mange språk.

Heile forfattarskapen er prega av tradisjonell lågkyrkjeleg vekkingskristendom, med røter både i luthersk pietisme og i rosenianismen. Viktigare enn kyrkja og sakramenta er den individuelle omvendinga og den einskilde sitt forhold til Gud. Dette er tydeleg i songtekstar som «Du får koma til Jesus», «Du kjem ikkje utanom Jesus», «Lat Jesus få din fyrste morgon», «Gud har ein plan med ditt liv», «Kor brukar du di dyre tid?» og «Prøv å få gjort det du kan».

Bjerkrheim skreiv enkelt. Han brukte velkjende bilete og tradisjonelle enderim. Eit gjennomgåande tema er at kristentrua byd mennesket tryggleik, glede og evig fred: «Han fører deg frelst over fjorden, / heilt fram til den himmelske strand. / Når døden sin brotsjø du møter, / vil Jesus dra båten i land.»

I Sangboken. Syng for Herren (1984), som fleire kristelege organisasjonar står bak, er Bjerkrheim representert med 27 originale og rundt 60 omsette eller gjendikta songar. Norsk Salmebok (2013) har fem originale og ni omsette salmar av Bjerkrheim.

Mellom mykje anna skreiv Trygve Bjerkrheim tekstar til julekantatene «Den store kongen» og «Den store stjerna». Begge har melodiar av Mons Leidvin Takle og har vore mykje brukte særleg av barne- og ungdomskor. Bibelske historier er attfortalde i diktform i bøkene Stormfuglen (1953 – om profeten Elia), David (1964) og Kristus-kvadet (1976 – om Jesus i evangelia).

Mottaking og ettermæle

Folk i Noreg, og ikkje minst misjonsfolket, sette stor pris på Bjerkrheims forfattarskap. Særleg høge salstal nådde eit par bøker som fortel om opphavet til og nokre verknader av utvalde songar: Det er makt i de foldede hender (1979) og Du er en perlesten (1995).

I 1993 fekk Bjerkrheim Kongens fortenestemedalje i gull, og i 1995 vart det opna eit museum på fødegarden i Rogaland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • T. Bjerkrheim: Det er makt i de foldede hender. Oslo 1979
  • A.K. Aasmundtveit: «Bjerkrheim, Trygve Alvgeir», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
  • Asbjørn Kvalbein: Glansen av livet : arven fra Trygve Bjerkrheim. 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg