Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm Andreas Wexelsen

Vilhelm Andreas Wexelsen var ein markert prest og venstrepolitikar, som dei siste leveåra var biskop. Som statsråd fekk han i 1892 både autorisert Blix-salmane til kyrkjebruk og gitt dei lokale skulestyra mynde til å avgjere om lærebøkene skulle vere på bokmål eller nynorsk.

Wexelsen var fødd i Klæbu 5. juni 1849 og døydde i Trondheim 19. juli 1909. Han voks opp i ein grundtvigiansk prestefamilie og vart sjølv cand.theol. ved Universitetet i Kristiania i 1872.
 
Wexelsen var personellkapellan i Sparbu frå 1873, sokneprest i Kolvereid frå 1877 og i Overhalla frå 1884. Han engasjerte seg raskt i politikken, og frå 1878 var han ordførar i Kolvereid. Ved stortingsvalet i 1879 vart han første suppleant (vararepresentant), og han debuterte på tinget våren 1882.
 
Gjennom resten av 1880-åra var Wexelsen fast på Stortinget. Han var kyrkjestatsråd i Venstre-regjeringane 1891–93 og 1898–1903. Mellom dei to periodane vart han mykje nytta som foredragshaldar. Han var formann i Det Norske Samlaget (1894–98), skuledirektør i Trondheim (1896–98) og igjen på Stortinget (1895–97). Frå 1905 var Wexelsen biskop i Trondheim.
 
Familiebakgrunn og oppvekstmiljø
V.A. Wexelsen var son av Fredrik Nannestad Wexelsen – som var systerson av den framståande grundtvigianaren W.A. Wexels i Kristiania. Trønderske folkeopplysarar som Ole Vig og Anders Reitan var familievener, og gjennom ungdomsåra fekk Wexelsen med seg mange stemne, talar og samtalar i Grundtvigs ånd.
 
Oppveksten fall saman med dei åra faren var prest på Bakklandet (1852–67). Fram til byutvidinga i 1864 var det ein forstad til Trondheim. Dei fleste som budde der, var fattige fiskarar, sjøfolk, verftsarbeidarar og handverkarar. Fredrik Wexelsen synte stor omsut for dei sosiale og kulturelle kåra til sokneborna, og nærkontakten med utfordringane på Bakklandet var med og vekte sonen sitt engasjement for opplysning og radikal politikk.
 
Kristendom og norskdom
I studieåra (1867–72) var Wexelsen minst like oppteken av dei åndelege brytingane i samtida som av fagstudiet. Han var med både i den grundtvigske «Torsdagsforeningen» og i Bjørnsons meir politiske «Mandagsforening». Den gamle Grundtvig, Chr. Bruun og Johan Sverdrup var kvar på sitt vis viktige inspiratorar.
 
Demokratisering og folkeleggjering var sentrale prinsipp for Wexelsen – både i høve til kyrkje og kristendom og i høve til kultur og språk. Gjennom heile karrieren støtta han målsaka.
 
Våren 1880 vitja han gode vener på folkehøgskulen i Stjørdal. Heimkomen til Kolvereid skreiv han attende og takka så mykje for samværet. Det hadde vore livfulle og hugnadsame dagar. Men i takkebrevet vart ei hending særleg framheva. Ho hadde gitt presten eit «stærkt indtryk af, at modersmål er vort hjertesprog, kun 'løs' er al fremmed tale». Kva var det som hadde teke han så sterkt? Jau: «Mest tak for hin kveldstund, da vi bekjendte vor fælles tro.» Framseiing av truvedkjenninga i nynorsk språkdrakt vart ståande som høgdepunktet for Wexelsen etter gjestinga i Stjørdal.
 
Som medlem av Kyrkjekomiteen var han i 1885 med og førebudde stortingsvedtaket som likestilte «det norske Folkesprog» med «vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Som statsråd fekk han i 1892 autorisert Blix-salmane til kyrkjebruk, og same året fremja han saka som jamstelte nynorsk og bokmål i folkeskulen. Hans eigne kyrkjelydar i Overhalla var dei første som nytta retten til å innføre landsmålssalmar i gudstenestene.
 
Wexelsen var formann i Det Norske Samlaget 1894–98, og i 1896 gjorde han som stortingsrepresentant framlegg om obligatorisk sidemålsstil til artium (noko som vart vedteke først i 1907). Då Noregs Ungdomslag i 1902 søkte om midlar for ein prest til å halde landsmålsgudstenester i hovudstaden, tala han som kyrkjeminister varmt for støtte til tiltaket.
 
Toleranse og fridomsideal
Wexelsen tok sjeldan del i offentlege debattar om teologiske spørsmål. Han synest å ha hatt større respekt for tradisjonell kristenlære enn mange av dei «nygrundtvigianske» venene. Men først og fremst var han oppteken av toleranse og fridom både i kyrkja og i samfunnslivet.
 
Det første han gjorde i Stortinget var å tale for at ikkje berre konfirmasjonshandlinga, men også førebuinga til konfirmasjonen måtte gjerast frivillig. Han støtta sakene om reisestipend for Arne Garborg og diktargasje til Alexander Kielland, han retta kraftfull kritikk mot det konservative oppropet «til Christendommens Venner», han arbeidde for liberalisering av dissentar- og ekteskapslovgivinga, demokratiseringar i skuleverket og grundtvigske ideal om valforsamlingar og friare tilgang til å tale i kyrkjene.
 
Frå «det røde Amt» til Kongens råd og bispestol
I dei harde kulturelle og politiske kampane i 1880-åra var Wexelsen ein raud klut for dei kyrkjelege leiarane. Dei såg venstrepolitikken som eit uttrykk for avkristning. Saman med dei faste representantane for Nordre Trondhjem («det røde Amt») var Wexelsen under valkampen i 1882 med på eit opprop som førte til offentleg refs frå biskopen. Då han to år seinare søkte soknekallet i Overhalla, karakteriserte den nye Trondheims-bispen han som «Tilhenger af den yderligste kirkelige og folkelige Liberalisme».
 
Då han få år seinare vart utnemnd til dei høge embeta som statsråd og biskop, er det eit talande uttrykk for dei store samfunnsomveltingane i Noreg på slutten av 1800-talet.
 
Kjelder
P. Fuglum: «Wexelsen, Vilhelm Andreas», Norsk biografisk leksikon, bd. 19. Oslo 1983
Anders Kirkhusmo: «Wexelsen, Vilhelm Andreas», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. 2005
Nasjonalbiblioteket i Oslo: Brevsamling nr. 514
Statsarkivet i Trondheim: Biskopens kopibok

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013