Adventsstjerne
Det er fleire symbol som markerer adventstida. Dei vanlegaste er adventsstjerne i vindauget, adventskalenderen, adventskransen og den firearma adventsstaken.
Adventsstjerne
Av /Unsplash.
Tenning av adventslys
Tenning av adventslys
Av /NTB.
Skulegudstjeneste i Leinstrand kyrkje
Advent blir rekna som fastetid og markerer ventetida fram til jul. Difor er den liturgiske fargen for fastetida fiolett eller blå.
Skulegudstjeneste i Leinstrand kyrkje
Av /NTB.

Advent er ein periode på omtrent fire veker før julaftan, 24. desember. Første sundag i advent hender alltid fire sundagar før første juledag. I den lutherske og den romersk-katolske kyrkja markerer dette starten på det kristne kyrkjeåret. Advent blir rekna som fastetid og markerer ventetida fram til jul. Difor er den liturgiske fargen for fastetida fiolett eller blå.

Faktaboks

Uttale
ˈadvent
Etymologi
av latin adventus Domini, ‘Herrens komme’

Tidfesting

Lengda på adventstida i dei fleste vestlege kyrkjene er 22 til 28 dagar, avhengig av kva dato den første sundagen i advent fell på.

Første sundag i advent kan falle mellom 27. november og 3. desember. I den ortodokse kyrkja varer adventstida 40 dagar. Den reformerte kyrkja i Nederland markerer ikkje advent.

Historikk

Det er usikkert når ein byrja å markere advent. På 400-talet etablerte biskop Perpetuus av Tours (461–490) ein tre dagar lang faste i tida mellom 11. november (Mortensmesse) og jula. I 567 blei adventstida nemnd i skriftlege kjelder i Tours. Frå 600-talet har ein hatt liturgiske bøker med tekstar til adventsgudstenester. Då var advent slutten på kyrkjeåret, og nokre gonger varte han lenger enn fire sundagar. På 1000-talet blei det bestemt at adventa skulle vera byrjinga på kyrkjeåret, og ho blei fastsett til fire sundagar.

Adventstida blir markert i den romersk-katolske kyrkja med bot og faste. Omkring år 480 vedtok kyrkjelege leiarar at ein skulle faste kvar måndag, onsdag og fredag i adventstida for å sikre åndeleg førebuing til feiringa av Jesu fødsel. Fastereglane gjeld framleis innanfor den katolske kyrkja, men blei ikkje overhaldne i protestantiske område etter reformasjonen på 1500-talet. I det gamle norske bondesamfunnet var det likevel vanleg med eit magert kosthald i vekene før jul.

I enkelte delar av Noreg var St. Clements dag, 23. november, kjent som «Klemment Klyp i Fu», og frå no av og fram til jul kunne barna få reduserte matporsjonar. Årsaka var at dei då ville setja større pris på den feite kosten i jula. Ein rest av denne tradisjonen lever også vidare i norsk julemat-skikk. Fisk var tradisjonelt fastemat, og det er høgsesong for lutefisk på norske restaurantar i adventstida. I fleire område i landet er også rakfisklag utbreidd i advent.

Dekorasjonar og tradisjonar

Julekalender
Julekalender frå 1940-1950-talet.
Julekalender
Av /Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Det er fleire symbol som markerer adventstida. Dei vanlegaste er å henge ei adventsstjerne i vindauget, adventskransen og den firearma lysestaken med adventslys. Ein tenner vanlegvis det første lyset på den første sundagen i advent og andre på den andre sundagen, slik at alle lysa er tende på den fjerde sundagen. Det er også vanleg å framføre ein song eller eit dikt i samband med tenninga.

Adventskalender eller julekalender er ein kalender med 24 luker eller pakkar, éin for kvar dag gjennom heile advent, frå 1. desember til julaftan. Julekalenderen stammar opphavleg frå Tyskland, og har røter i adventslysa. Blant barn i Noreg vart han vanleg først etter andre verdskrigen.

Dette er skikkar som utvikla seg på 1800- og 1900-talet. I dekorasjonane brukar ein gjerne «botfargen» fiolett eller blå som er den liturgiske fargen for advent. Bruken av adventskransar oppstod i Tyskland i 1830-åra etter ein idé av Indremisjonens grunnleggjar Johann Hinrich Wichern, der dei gamle julesymbola – eviggrøne vekstar og lys – dannar ein ring. Opphavleg brukte ein band i raudt, livsfargen, på kransane, men det vanlegaste i dag er å bruke lilla band.

Adventssundagane gjev gjerne den første forsmaken på jula. Då kjem familien saman og tenner adventslysa, alt etter kva sundag det er. Mange stader held ein enno gamle tradisjonar i hevd, til dømes høgtlesing av juleforteljingar og liknande.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Berg, Knut Anders, Liv Berit Tessem og Kjetil Wiedswang 1993. Julen i norsk og utenlandsk tradisjon, Gyldendal norsk forlag, Oslo.
  • Hodne, Ørnulf: Jul i Norge. Gamle og nye tradisjoner, 2007, Cappelen, Oslo.
  • Holck, Per, Merkedager og gamle skikker, J.W. Cappelens Forlag a.s., Oslo, 1993.

Kommentarar (2)

skreiv Jørgen G. Bosoni

I dei vestlege ritane ambrosiansk (ca. 5 millionar menneske, i Nord-Italia og Sør-Sveits), mozarabisk (mest historisk) og gallikansk (berre historisk) byrjar advent til 2 veker tidlegare og hev dermed 6 sundagar.

svarte Mari Paus

Takk for innspillet!

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg