Hopp til innhold
X
Innhald

Fastelavn

I Noreg har det vore få opphavlege fastelavnstradisjonar. Frå Danmark og Sverige har vi fått dei nye norske tradisjonane med fastelavnsbollar, fastelavnsris og karneval.

Fastelavn er eigentleg kvelden før fasta til påske, men blir brukt om dei tre dagane i fastelavnsperioden: fastelavnssøndag, blåmåndag og feitetysdag. Fastelavnsferinga markerer overgangen til den lengste og viktigaste fastetida i den katolske kyrkja: førtidagars-fasta før påske.

Kontinental festtradisjon

I mellomalderen kom det til ei rekke folkelege festskikkar der folket dyrka det dei skulle gi avkall på i fasteperioden. Fastelavnsdagane var derfor prega av god mat, erotikk og leik. Dei uskuldige karnevalsleikene barn leiker i dag, som "slå katta i sekken" stammar frå desse tradisjonane. Opphavleg var det ikkje snop i striesekken, men ein levande katt. I Europa vaks det fram store karnevalsopptog med utkledning, leikar, mat og drykk. Ordet karneval kjem truleg frå latin og tyder «kjøtt, farvel», og understreker at dette er feiringa før fastetida tek til.

I Noreg er det få teikn på at dei store kontinentale fastelavns-skikkane fekk slå rot i mellomalderen med unntak av Bergen. Samkvemmet med dei andre Hansa-byene gjorde at handverkarar frå kontinentet tok med seg fleire skikkar som dei praktiserte i Bergen. Det ser likevel ut til at det aldri slo heilt an i Hansa-byen, då skikkane døydde ut på slutten av 1700-talet. Dei mange karnevalsleikane, som no er vanlege til fastelavn eller 17. mai, som eggeløp, sekkehopp og anna kjenner vi ikkje til i Noreg før på 1900-talet, sjølv om dei i resten av Europa stammar frå fastelavnstradisjonane.

Karneval i den norditalienske byen, Arco.

Karneval-opptog frå den norditalienske byen Arco. Tekning frå Norsk Barneblad, 1932.

Frå Danmark og Skåne veit vi at det var populært å ri fastelavn. Mannfolka kledde seg ut og pynta hestane med sløyfer og lange, spraglete band av slike eller papir, og rei frå gard til gard, der dei fekk mat og drykk. På kvelden var det store dansefestar der dei utkledde mennene fekk danse med ugifte kvinner. Dei fargerike banda av silke og papir på fastelavnsrisa og karneval for barn spring ut av denne tradisjonen.

Ved innføringa av reformasjonen i Danmark-Noreg i 1537 byrja kongemakta og kyrkja ei kamp for å avskaffe dei folkelege festane i dei danske byane. Likevel overlevde nokre av tradisjonane.

Fastelavnsris

Å slå med ris til ulike høgtider er eit gamalt ritual for å gjere kvinna, jorda og dyra fruktbare. Skikken er kjent frå heile Europa. I Noreg er det flest slike skikkar knytt til julehøgtida, men vi veit at det særleg i Sverige og Danmark er gjort i samband med fastelavn. Ideen var at lett rising ville gjere jorda, kvinnene og dyra meir fruktbare. I Noreg har folketrua vore at ein piskar vekk vonde vesen, medan elles i Europa har det vore vanleg å tru at ein piskar fram det gode

Tradisjonen med fastelavnsris blei henta opp igjen av Norske Kvinners Sanitetsforening i 1946, etter inspirasjon frå søsterforeininga i Sverige. Dei lokale sanitetsforeiningane binder ris med fargerike fjær som dei sel på gater, torg og dører. Risa blir ikkje nytta til pisking, men har i dag ingen anna funksjon enn som stuedekorasjon. Inntektene går til lokalt samfunnsnyttig arbeid, forsking på kvinnehelse og typiske kvinnesjukdommar. På den måten er symbolikken om å nytte ris for å gjere kvinna meir fruktbar ført vidare gjennom foreningsarbeidet.

Fastelavnsbollar

I danske byer var tradisjonen å ete kveitebakst kokt i mjølk på fastelavnssøndag. Frå Bergen kjenner ein til at det alt frå 1600-talet var tradisjon for å ete kveitebrød i fastelavnshøgtida. Det er desse tradisjonane som ligg til grunn for at vi i dag ofte et kveitebollar med krem til fastelavn. Frå norske bygder og småbyer kjenner vi ikkje til at fastelavnsbollar har vore ein skikk før byrjinga på 1900-talet.

12815477115_ff5ea6cc5a_z.jpg?w=600

Fastelavn er opphavleg ei førebuing til fasten før påske, og ein del av påsketradisjonane. I dag et ein ofte kveitebollar med krem på fastelavnsøndag. Foto: Addison Berry, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

I Sør-Sverige var tradisjonen at gutane kjøpte bollar til jentene fastelavnssøndag. Dersom jenta sette pris på trakteringa gav ho guten eit egg til påske.

Blåmåndag og feitetysdag

Namnet blåmåndag er lånt frå nedertysk og syner til den katolske skikken å kle alteret med ein blå duk denne dagen. Etter denne tradisjonen skulle ein ha eit svært magert måltid denne dagen. Uttrykket «blåmåndag» kjem frå dagen med mager mat etter den store karnevalsfesten dagen før. Til trass for at uttrykket er mykje brukt i norsk, så har ikkje skikken med mager mat denne dagen stått så sterkt i Noreg. Lokalt har dagen vorte kalla både korvmåndag, sildemåndag og kveitebakstmåndag.

Feitetysdag er den siste dagen før fasta. På fransk heiter dagen Mardi Gras og på engelsk Pancake Tuesday. I Noreg er dagen kjent som flesketysdag (Akershus og Østfold), smørtysdag i Hardanger og Sunnhordland, grauttysdag på Sunnmøre og feitetysdag i store delar av landet. I Valdres kalla dei dagen tippetysdag, som kjem av substantivet tappa som tyder forstopping. Dagen har med andre ord vore prega av å ete mykje feit mat før fasta tok til.

Kjelder

Ørnulf Hodne: Påske. Tradisjoner omkring en høytid: Oslo 1998

Ingrid Semmingsen, Nina Karin Monsen, Stephan Tschudi-Madsen og Yngvar Ustvedt (red.) Norges kulturhistorie. 2: Kaupang og katedral. Oslo 1979.

Kristofer Visted og Hilmar Stigum: Vår norske bondekultur bd. I og II: Oslo 1951–52

Norske Kvinners Sanitetsforening: Fastelavn. https://www.sanitetskvinnene.no/sanitetskvinnene/om_oss/fastelavnsris/ [lesedato 26.2.2017]

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.02.2020