Hopp til innhold
X
Innhald

Heilagdag

Heilagdag er ein dag for gudstenestehandlingar og finst i dei fleste kulturane.

Heilagdagar i Noreg er vanlege søndagar, nyttårsdag, skjærtorsdag, langfredag, første og andre påskedag, Kristi Himmelfartsdag, første og andre pinsedag, første og andre juledag.
 
På heilagdagar skal det vere helgefred frå klokka 00 til 24, påske-, pinse- og julaftan frå klokka 16. Mellom klokka 06 og 13 på heilagdagar er det med nokre unntak forbode å halde offentlege arrangement og tilstellingar, konkurransar og stemne. Feiring av 1. og 17. mai er mellom unntaka. Ei rekkje reglar gjeld òg for opning av utsalsstader på heilagdagar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 18.06.2014