Hopp til innhold
X
Innhald

Helgemesse

Helgemesse eller allehelgensdag er ein festdag til minne om helgenar og martyrar. Halloween har utvikla seg frå helgemesse.

Den katolske kyrkja feirar dagen 1. november. Den norske kyrkja feirar helgemesse den første søndagen i november. Helgemessa er ei markering for dei som har gått bort, ikkje berre martyrar og helgenar, men også familiemedlemmer.

I Noreg er det vanleg å tenne lys på gravene denne dagen. Mange kyrkjelydar minnast også dei som har gått bort det siste året. Den liturgiske fargen for helgemesse er kvit.

Alle sjelers dag blir i den katolske kyrkja feira dagen etter helgemesse, 2. november.
 
Foto: Christian Holmèr. CC BY 2.0
 Lys tent på graver. Foto: Christian Holmèr, Flickr.com CC BY 2.0.
 

Frå helgemesse til halloween

Natta før helgemessa, mellom 31. oktober og 1. november, feirar somme kulturar halloween. Dagen før helgemesse eller allehelgensdag er det allehelgensaftan. Allehelgensaftan heiter «All hallow’s eve» på engelsk, og det er der namnet halloween kjem frå, som ei forkorting av namnet.
 
Foto: Josè Lluis Murillo. Foto: CC BY NC ND 2.0
Halloween-pynt. Foto: Josè Lluis Murillo, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Mange barn kler seg ut og går rundt i nabolaget frå dør til dør og får snop. Feiringa som no er i ferd med å feste seg i Noreg, har røter frå Irland, men har sterke impulsar frå USA og Mexico si feiring av Dei dødes dag. Det er vanleg å pynte med utskorne graskar og effektar som skal vere litt nifse, som edderkoppnett eller figurar som framstiller flaggermus og spøkjelse. Det er vanleg å bruke fargane oransje og svart i samband med halloween-feiring.
 
Ifølgje folketrua på dei britiske øyane kunne dei døde gå fritt denne natta. Dei døde reiste rundt i følge som dei kalla oskorei, saman med skrømt, nissar og alvar. Mange sette ut mat som offer til dei døde. Ungdomar byrja å kle seg ut og gå rundt i bygdene for å forsyne seg av maten som var sett ut. Dette er forløparen til det vi i dag ser som «knask eller knep» (på engelsk «trick or treat»).
 
Folk som utvandra til USA på 1800-talet, tok med seg tradisjonane, som smelta saman med den mexikanske Dei dødes dag. Det er herifrå skikken med hovudskallar kjem frå.

I Noreg i dag er feiringa av halloween omstridd, spesielt på grunn av kommersialiseringa av feiringa, men har dei siste åra kome for fullt inn i norsk kultur.
 
Sjå video frå NRK Skole, «Halloween på 5 minutter»:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 04.11.2019