Hopp til innhold
Første juletreet på Torvet i Trondheim, 1921. Foto: Trondheim Byakriv, flickr.com CC BY 2.0.
Første juletreet på Torvet i Trondheim, 1921. Foto: Trondheim Byakriv, flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Jul

Jul er opphavleg namnet på den nordgermanske, heidenske midtvintersfesten, men no vert nemninga brukt om den kristne høgtida til minne om at Jesus vart fødd.

Jul er opphavleg namnet på den nordgermanske, heidenske midtvintersfesten, men no vert nemninga brukt om den kristne høgtida til minne om at Jesus vart fødd. Frå midt på 300-talet har fødselsdagen vore feira 25. desember. Mange seder og skikkar i samband med feiringa er ei vidareføring av tradisjonar frå heidensk tid. Juletreet var i bruk i Tyskland alt på 1500-talet, men vart først vanleg i Noreg på 1800-talet.
 
Sjå reportasje frå julefeiring i 1952:
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.12.2019