Hopp til innhold

Langfredag

Langfredag er fredagen før påskedag til minne om korsfestinga av Jesus.

I den katolske kyrkja er langfredag ein fastedag, men ikkje ein heilagdag. 

Bortsett frå julaftan har ingen annan dag djupare feste i norsk folkeleg trus-, tanke- og fantasiliv enn minnedagen om Jesu liding på krossen.

Dagen skulle opplevast pinefull lang. Dette blei løyst ulikt ulike stader i landet. Mange stader skulle det vere ro i heimen, og det var forbod mot all leik og moro, i tillegg til arbeid. Det var vanleg å fire flagget til halv stong, gå i sørgeklede, faste og lese høgt frå Bibelen. 

Mange stader åt ein smaklaus og keisam mat denne dagen, gjerne med oske i maten.

Andre stader var det vanleg å kombinere faste og hardt arbeid denne dagen. Dette kunne vere husdyrstell, å dra til skogs for å sanke fôr eller akkarfiske for å førebu fisket etter påska. Hardt arbeid og svolt i kombinasjon skulle gi den pinslekjensla som dagen skulle føre med seg. 


Kjelder

Ingrid Semmingsen, Nina Karin Monsen, Stephan Tschudi-Madsen og Yngvar Ustvedt (red.) Norges kulturhistorie. 2: Kaupang og katedral. Oslo 1979.

Kristofer Visted og Hilmar Stigum: Vår norske bondekultur bd. I og II: Oslo 1951–52

Ørnulf Hodne: Påske. Tradisjoner omkring en høytid: Oslo 1998


Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 15.04.2019