Hopp til innhold
Foto: Roger Woolstadt, Flickr.com CC BY-SA
Foto: Roger Woolstadt, Flickr.com CC BY-SA
X
Innhald

Lucia-messe

Lucia-messe eller lussimesse var i eldre tid ein religiøs høgtidsdag 13. desember til minne om Sankta Lucia.

Natta til den 13., lussinatt, vart rekna som den lengste natta i året, og dagen vart feira som ein lysfest. Skikken med å la ei kvitkledd jente, og i nyare tid også gutar, med brennande lys på hovudet, omgitt av oppvartande terner, by på kaffi og kaker, såkalla lussekattar, om morgonen, stammar frå Tyskland etter reformasjonen. Lucia-feiringa fekk nytt liv i Sverige i 1927 og har breidd seg derifrå til andre land, som Noreg.

Marianne Backlund som luciabrud i 1944. Foto: Foto Carl Larssons ateljé / Länsmuseet Gävleborg (Ref.nr: XLM_CLP 017257_5). Kjelde: Länsmuseet Gävleborg, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Marianne Backlund som luciabrud i 1944. Foto: Foto Carl Larssons ateljé / Länsmuseet Gävleborg (Ref.nr: XLM_CLP 017257_5). Kjelde: Länsmuseet Gävleborg, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sjå video frå NRK SKole: Sankta Lucia:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 14.12.2019