Hopp til innhold
X
Innhald

Oskeonsdag

Fastetida startar med oskeonsdag.

Oskeonsdag er den første onsdagen i fastetida. I mellomalderen strødde ein denne dagen oske i håret som teikn på å sone synder. Seinare har det vore skikk i den romersk-katolske kyrkja at presten teiknar eit kors på panna til den truande med oske frå palmegreiner.

Foto: Mazur/catholicchurch.org.uk CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 20.03.2014