Hopp til innhold

Palmesøndag

Palmesøndag er den siste søndagen før påske.

Feiringa er til minne om då Jesus toga inn i Jerusalem og vart hylla av folket med palmegreiner (Joh 12,13). I katolske kyrkjer vifter kyrkjelyden med kvistar denne dagen. I luthersk tradisjon blei dei visuelle elementa vekke.

I Noreg er dagen merkeleg fattig på spesielle skikkar og tradisjonar, i matvegen eller andre vis. Dagen mista mest sannsynleg mange av funksjonane ved reformasjonen, då langfasta også blei avskaffa.

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.03.2018