Hopp til innhold

Påske

På 600-talet f.Kr. blei den jødiske påskefeiringa omgjort frå ei tempelhøgtid til ein heimens og familiens fest. Det same skjedde med den kristne påskehøgtida på 1900-talet.

Påska er ei kristen høgtid til minne om Jesu død og oppstode. Det hebraiske ordet pesah er opphavleg knytt til den jødiske vårfesten til minne om utvandringa frå Egypt.

Jødisk tradisjon

Etymologien til ordet påske er usikker, men ein reknar med at det norrøne ordet páskar kjem frå hebraiske pesah, som tyder overskriding. Ordet, og den opphavlege jødiske høgtida, er knytt til israelittane si utvandring frå Egypt ca. 1200 f.Kr., og er omtalt i 2. Mosebok.

Opphavleg skal det ha vore to jødiske festar: ein vårfest der ofringa av eit lam skulle gjere stor grøde, og ein åkerbrukshøst der førstehøstinga av bygg blei ofra for å heilage heile avlinga. Det er denne siste delen av festen som har danna grunnlaget for «det usyra brødets høgtid». Desse to feiringane smelta saman då jødane heldt til i Kanaan.

Då høgtida blei knytt til utvandringa, blei det primært ein heimens og familiens fest og i mindre grad ei tempelhøgtid.

Den jødiske påska blei endra fleire gongar, bl.a. i kong Josias kultursreform 622 f.Kr., og fleire gongar i Jesu tid. Frå 622 f.Kr. blei påskerituala og måltida berre markerte i Jerusalem.

Den kristne påska

Hendingane i den kristne påskehøgtida skjer medan Jesus er i Jerusalem for å delta i den jødiske påskefeiringa. I alle evangelia oppsøker Jesus og familien hans Jerusalem i samband med påska. Med anna er det første tempelbesøket hans, som 12-åring, lagt til påska, ifølgje tre av evangelia.

Den kristne nattverden blir innstifta same dagen som det tradisjonelle påskemåltidet. På den måten blir den kristne høgtida lagt samstundes med, og feiringa blir parallelt med, dei jødiske heilagdagane.

Norsk påskefeiring

Dei første teikna på norsk påskefeiring finn vi i sogene om Håkon den gode, Olav Trygvasson og Olav den heilage. Alle dei tre blei kristna i utlandet, og det er dokumentert at dei personleg hadde ulike skikkar knytt til dei ulike heilagdagane i påska.

Olav Trygvasson avskaffa, med lov, blot- og blotdrikkelag. For å kome folket i møte etablerte han jul-, påske, jonsok- og mikkelsmessøl, altså festdagar med øldrikking til kvar årstid. På den måten fekk han folket med på å avskaffe folkereligiøse feiringar og starte kristne tradisjonar til erstatning for desse.

I Gulatingslova heiter det at påska er fire dagar der ein ikkje skal opne jord eller setje ned lik, frå skjærtorsdag etter 12.00 til og med heile første påskedag. Det heiter også at ein på måndag og tysdag i påskeveka ikkje skal arbeide utan for å berge bufeet sitt.

I kristenrettane på 1100- og 1200-talet ser vi at pave Alexander gir nordmennene særskilt unntak frå påskefreden for sildefisket: «Om Gud sender silda til lands, skal nordmennene få bære den opp». Frå den same tida finn vi kvad og viser med påskemotiv.

Med reformasjonen endrar den norske påskefeiringa karakter, men fram til langt ut på 1800-talet er påska den største kyrkjehøgtida. Fleire gjekk til kyrkja då enn på juledagane. På 1900-talet går kyrkjegangen i påskehøgtida jamt nedover, og om lag samstundes som jernbanen skapar enklare og raskare måtar for byfolk å kome seg til fjells på, blir påska knytt til fjellturisme. Etter kvart som løna blir høgare og fritida blir lengre, blir påsketurisme ein folketradisjon. I dag er ikkje påska ei høgtid der folk flest flokkar til kyrkja, men ei høgtid der mange flokkar seg rundt fritidshus og fritidsbåtar.

Les meir om påsketradisjonar i artikkelen Den stille veka.

Kjelder

Ingrid Semmingsen, Nina Karin Monsen, Stephan Tschudi-Madsen og Yngvar Ustvedt (red.) Norges kulturhistorie. 2: Kaupang og katedral. Oslo 1979.

Kristofer Visted og Hilmar Stigum: Vår norske bondekultur bd. I og II: Oslo 1951–52

Ørnulf Hodne: Påske. Tradisjoner omkring en høytid: Oslo 1998

Først publisert: 07.04.2017
Sist oppdatert: 25.04.2019