Hopp til innhold

Påskeaftan

Påskeaftan er laurdag før påskedagen.

I den katolske kyrkja var det høgtidlege gudstenester natt til påskedagen. Denne tradisjonen forsvann med reformasjonen, men i fleire kyrkjelydar er denne tradisjonen teken tilbake på 1990- og 2000-talet. 

Tradisjonen med å ete egg i påska har lengst historisk belegg på påskeaftan. Etter tradisjonen åt ein kokte egg og feite grautrettar på påskeaftan. 

Mange stader i landet har ein kalla dagen for sprengelaurdag. Det kjem frå at ein måtte arbeide inn alt arbeidet som ikkje var gjort tidlegare i den stille veka. 

Fleire stader er det tradisjon for å skyte inn påska på påskeaftan. Ein viktig del av den folkelege tradisjonen, særleg på Austlandet, har vore at ein skal skyte etter påskekjerringa slik at ho ikkje legg trolldom over buskapen.


Kjelder

Ingrid Semmingsen, Nina Karin Monsen, Stephan Tschudi-Madsen og Yngvar Ustvedt (red.) Norges kulturhistorie. 2: Kaupang og katedral. Oslo 1979.

Kristofer Visted og Hilmar Stigum: Vår norske bondekultur bd. I og II: Oslo 1951–52

Ørnulf Hodne: Påske. Tradisjoner omkring en høytid: Oslo 1998

Først publisert: 07.04.2017
Sist oppdatert: 15.04.2019