Hopp til innhold

Påskedag

Påskemessa på påskedag er feiringa av Jesu oppstode. Dette er rekna som den viktigaste høgtidsdagen i den kristne kyrkja.

Fram til byrjinga av 1900-talet var påskedagen den største kyrkjeferdsdagen i året. Nokre prostar og soknepresten oppmoda til større spreiing av kyrkjegangen i påska og i året for å sikre betre gjennomføring.

Medan infrastrukturen og busetjingsmønsteret framleis gjer det vanskeleg for mange å kome seg til kyrkja i desember, er påskedagen den store kyrkjedagen.

Det er tradisjon for å ete mykje og god mat på påskedagen. På Sunnmøre var det vanleg å ete gomme til frukost og lutefisk til middag. I Krødsherad veit vi at dei åt flesk og erter til frukost. 

Etter kvart som eggproduksjonen auka på 1900-talet, blei det vanlegare å ete meir egg på påskedagen. 

I fleire byar og større bygder er det dokumentert at jentene tok med kokte, farga egg som dei la mellom brysta sine. Dei hadde egga med seg i kyrkja på dagtid, og så låg egga der fram til det var dans på kvelden – då la jentene egget hos han dei ville danse med. 

Fleire germanske tradisjonar kjem til på 1900-talet. Blant dei er ideen om påskeharen, og det å pynte med harar, kyllingar, blomster og måla egg.


Kjelder

Ingrid Semmingsen, Nina Karin Monsen, Stephan Tschudi-Madsen og Yngvar Ustvedt (red.) Norges kulturhistorie. 2: Kaupang og katedral. Oslo 1979.

Kristofer Visted og Hilmar Stigum: Vår norske bondekultur bd. I og II: Oslo 1951–52

Ørnulf Hodne: Påske. Tradisjoner omkring en høytid: Oslo 1998

 


Først publisert: 07.04.2017
Sist oppdatert: 15.04.2019