Hopp til innhold
«Nattverden», grafikk av Albrecht Dürer (plate 1510/trykk 1675). Kjelde: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0 (biletnr. NG.K&H.A.14093).
«Nattverden», grafikk av Albrecht Dürer (plate 1510/trykk 1675). Kjelde: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0 (biletnr. NG.K&H.A.14093).
X
Innhald

Skjærtorsdag

Torsdag før påskedag; feirast til minne om at Jesus innstifta nattverden (Matt 22,26—29).

Skjærtorsdag (frå norr. skira, rense) er den første eigentlege heilagdagen i påska. Det er usikkert kva namnet kjem frå. Det kan vere frå Jesus fotvasking av læresveinane. Namnet kan også ha samanheng med at dei som måtte bote for seg heile fasten, blei reinsa frå syndene sine denne dagen, og kunne vaske av seg oska dei fekk strøydd over seg ved byrjinga av fasta. Ordet skira var også nytta om kristning og dåp meir generelt. Fleire stader er det også dokumentert at det var vanleg å ta eit vårbad denne dagen. 

Medan det er svært få dokumenterte folkelege tradisjonar knytt til palmesøndag, er det svært mange og lengelevande tradisjonar knytt til skjærtorsdag. Dei kristne og dei folkereligiøse høgtidene har blitt vevde tett saman.

Heksetradisjonen

Allereie i dei eldste norønne lovene er det forbod mot heksekunst. Dette held seg gjennom mellomalderen og blir for alvor praktisert etter reformasjonen. Sentralt i heksetradisjonen er det at trollkjerringene sette seg på sopelimar, sleiver og trau og samlast til heksesabattar rundt jul, påske og jonsok. Blant dei kjente samlingspunkta var Blokksberg, Blåkulla, Lyderhorn og Troms kyrkje. Etter tradisjonen skal heksene ha samla seg der, dansa og drive trolldom og anna styggedom. 

Det var vanleg å legge sopelimar på utsida av døra slik at heksene tok sopelimane til å ri på, framfor hesten eller andre dyr på garden. 

Den svenske påskeskjerringa, som det også er dokumentert langvarig tradisjon for i Østfold, minner om denne heksetradisjonen. 

Dyre-dåp

Dåpen er opphavleg eit vern mot onde makter. På same måte som dei ulike vernetradisjonane mot trolldom og trollfolk er dåp av dyr skjærtorsdag ein vernetradisjon mot vonde krefter.

På skjærtorsdag var det vanleg å namngi dyr som var fødde så langt dette året. Tradisjonen kan vere eit framhald frå blotstradisjonane, for å feire og sikre grøderikdomen. Det er også fleire andre tradisjonar om å behandle dyra særleg godt denne dagen.

Friarskikkar

Dei mange restriksjonane mot arbeid i den stille veka gav folk meir fritid. Skjærtorsdag var derfor eit gunstig tidspunkt for kollektive erotiske tilnærmingar. Heilt fram til byrjinga av 1900-talet veit vi at fellesfriari og friarskikkar var levande i fleire område av landet.

Fram til omlag 1910 var det i Hallingdal og Valdres vanleg at folk vakna skjærtorsdags- eller langfredagsmorgon til at det hang kvinnfolkstakkar i trea langs vegar og bakkar, gjerne ved kyrkjene. Dette var jakttrofé frå ungkarane i bygda som hadde vore rundt og stole plagga på gardane om natta. 

I Vestfold er det kjent at ugifte kvinner vanlegvis moka i fjøsane. Dei vakraste kvinnene slapp derimot dette på skjærtorsdag. Gutane stilte opp og moka ut av fjøsen for dei dei synest var vakre, men moka inn ekstra skit i fjøsane på gardane der det budde kvinner dei ikkje synest var vakre.

Mange av dei kollektive rituala som prega det førekteskaplege spelet mellom kjønna, vil i dag, med god grunn, bli sett på som mannsjåvinistiske og diskriminerande. 

Nattefrieriet, som varierte i ulike område av landet, med kollektive tilnærmingar mellom ugifta menn og kvinner, hadde høgsesong i påska. Desse tradisjonane, saman med vektlegginga av husdyra på skjærtorsdag, kan tyde på at det stammar frå skikkar og idear som har feira det fruktbare.

Kjelder

Ingrid Semmingsen, Nina Karin Monsen, Stephan Tschudi-Madsen og Yngvar Ustvedt (red.) Norges kulturhistorie. 2: Kaupang og katedral. Oslo 1979.

Kristofer Visted og Hilmar Stigum: Vår norske bondekultur bd. I og II: Oslo 1951–52

Ørnulf Hodne: Påske. Tradisjoner omkring en høytid: Oslo 1998


Først publisert: 07.04.2017
Sist oppdatert: 15.04.2019