Hopp til innhold
X
Innhald

Valentinsdagen

Valentinsdagen, eigentleg St. Valentine's Day, 14. februar er ein minnedag for presten Valentin som skal ha kurert ei blind jente.

I folketradisjonen var dette ein fest for våren og det fruktbare, og for unge elskande. Dagen vert symbolisert med eit hjarte. Tradisjonelt har dagen vore feira i engelsktalande land, men skikken har òg kome til Noreg dei siste åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 14.02.2020