Hopp til innhold
X
Innhald

Advocatus Dei et advocatus diaboli

Advocatus Dei et advocatus diaboli kjem frå latin og tyder Guds advokat og djevelens advokat. Når ein katolsk helgen skal vurderast for kanonisering, vert det ført ei rettssak der den som framfører synspunkta som talar for kanonisering, populært vert kalla advocatus Dei, medan den som talar imot, vert kalla advocatus diaboli.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.11.2012
Sist oppdatert: 14.11.2012