Hopp til innhold
X
Innhald

Albigensarar

Albigensarar eller katarar var namnet på fleire asketiske sekter i Sør-Frankrike på 1100- og 1200-talet. Sektene organiserte seg som sjølvstendig kyrkje med eit eige hierarki, ei eiga sakramentforvalting med berre eitt sakrament, åndsdåp gjennom handspålegging, og ein dualistisk teologi. Albigensarane vart erklærte kjettarar og delvis nedkjempa i Albigensarkrigen i åra 1209–29.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.11.2012