Hopp til innhold
X
Innhald

Apostolisk suksesjon

Apostolisk suksesjon er ei ubroten rekkje av kyrkjelege embetsberarar frå aposteltida til notida, som vert fasthalden ved at alle nye biskopar vert ordinerte av ein som alt er biskop. Den romersk-katolske, anglikanske og svenske kyrkja hevdar å ha teke vare på apostolisk suksesjon. I Den norske kyrkja går ordinasjonane berre attende til den første bispevigsla etter reformasjonen, utførd av Johannes Bugenhagen, som berre var prestevigd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012