Hopp til innhold
X
Innhald

Arianisme

Arianisme er ei teologisk retning i oldkyrkja, kalla opp etter ein alexandrinsk presbytar med namnet Arius, som døydde i 336. Han lærte at Kristus var skapt av Gud og derfor ikkje av same vesenet som Gud. Dette utløyste ein heftig strid om tilhøvet mellom Faderen og Sonen, den arianske striden. Kyrkjemøtet i Nikea i 325 fordømde arianismen, men retninga hadde lenge ein viss påverknad, særleg hos dei kristne germanarane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012