Hopp til innhold
X
Innhald

Ave Maria

Ave Maria kjem frå latin. "Ver helsa, Maria" var helsinga engelen kom med til Maria då han kom med bodskapen om Jesu fødsel, Luk 1,28. Frå 1000-talet har romersk-katolske kristne brukt orda for å kalle på Jomfru Maria. Fleire komponistar har skrive songar til Ave Maria, mest kjende er Schuberts frå 1825 og Gounods frå 1853.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012