Hopp til innhold
X
Innhald

Basilika

Basilika kjem frå gresk og er eit langhus som er delt opp i tre eller fem "skip", skilde frå kvarandre av kolonnadar eller arkadar. Midtskipet, som ligg høgare, har vindauge i veggene over taket på sideskipa. Den romerske torvbasilikaen er førebiletet for den kristne kyrkje-basilikaen som oppstod tidleg på 300-talet etter Kristus med nye element som inngang på kortsida og til dels tverrskip eller transept.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012