Hopp til innhold
X
Innhald

Beatifikasjon

Beatifikasjon tyder saligkåring eller saligerklæring. I den katolske kyrkja er det ei paveleg handling som erklærer at ein død person er salig. Saligkåringa vert gjord etter ein omfattande vurderingsprosess, der det steg for steg vert erklært at vedkomande fyller visse kriterium, mellom anna knytte til livsførsel og mirakel. Ein slik person kan seinare verte opphøgd til helgen. Det vil seie kanonisert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.11.2012
Sist oppdatert: 14.11.2012